Stryngolf.no Just another WordPress site

Recent Comments

    Archives

    Categories

    • No categories
    • Home

      GOLF I STRYN !

      Stryn er den største turistkommunen på Vestlandet etter Bergen og her finn du fjord, fjell, isbrear og mange andre flotte tilbod for tilreisande og fastbuande.Stryn Golfklubb vart skipa 2. mai 2000 og har laga ei 6 hols golfbane på Sætre, ca 4 kilometer aust for Stryn sentrum ved riksveg 15 opp mot Strynefjellet.

      Bana ligg idyllisk til langs Stryneelva og på anlegget er det drivingrange med 12 utslagsmatter, treningsgreen for chiping, putting og spel frå bunker. I den tidlegare låven på garden Sætre er det automatar for kaffi og andre varme drikkar samt mineralvatn og andre forfriskingar. Her kan du ta deg en røyk, eller dampe på en e-sigarett. Her finn du også toalett og kontoret til golfklubben.

      Bana som over 18 hol er 3 351meter frå gult utslag og 2 829 meter frå raudt utslag har fine utfordringar både for ferske golfare som dei meir erfarne. På to av hola må ein slå seg over elva, noko som er ein utfordring for alle golfspelare.

      Bana har over 6 hol 2 par 4 hol og 4 par 3 hol, det lengste holet er 297 meter og det kortaste 118 meter frå gult utslag.

      Og når vinden kjem nedover dalen frå Strynefjellet setter hol nr 3 – par 4 på 297 meter frå gult utslag og 234 meter frå raudt utslag ein kvar golfspelar på ei skikkeleg prøve.

      Bana er omkransa av elva, fjell med snø og fossar – det er ein oppleving å kunne spele golf på Sætre med ein slik flott natur som kulisse!

      Velkomen til ein triveleg golfstund på bana på Sætre og hos Stryn Golfklubb!

      AKTUELT:
      - PER GRODÅS KLUBBMEISTER
      (25.09.2005, 17:21)
      - DELER AV BANA STO UNDER VATN!!
      (30.07.2005, 22:56)
      - Resultat torsdagsgolfen 30. juni 2005
      (01.07.2005, 08:45)
      - PRØVEMEDLEMSKAP 2005
      (15.06.2005, 10:20)
      - Resultat Torsdagsgolfen 2005
      (12.09.2005, 08:56)
      STØTTESPELARAR:
      Hovudsponsorar:
      Nordea
      Andre støttespelarar
      No Comments