Stryngolf.no Just another WordPress site

Recent Comments

    Archives

    Categories

    • No categories
    • Grønt Kort

      Grønt kort

      Grønt kort er første steget for dei ferske golfspelarane. Stryn Golfklubb har godkjent 6 hols bane for å få utstedt grønt kort. Når du har bestått alle prøver vert kortet utstedt av klubben. Kortet gjeld for ein sesong men vert automatisk fornya kvart år inntil du får handicapkort og er aktiv golfspelar. Kontingenten til klubben må vere betalt for å få kortet.

      Teorikurset er på 9 timar og vert halde over 3 kveldar, kvar gong 3 timar. Siste dagen er det 1 time teoriprøve som ein må klare for å få kursbevis.

      Teorikurset går gjennom følgjande temaer:
      – Generell innføring i golf
      – Tryggleik på bana
      – Oppførsel på bana – etikette
      – Korleis ta vare på bana og greenane – banepleie
      – Definisjonar i golf
      – Golfreglar
      – Handicapsystemet, utrekning av poeng

      Teoriprøva er med 30 spørsmål frå desse områda og ein må ha minst 24 rette svar for å ha bestått.

      Etter teorien krevst det fleire uker med trening og instruksjon i sjølve spelet før ein kan ta den praktiske prøva. Denne prøva består av fleire element der ein skal vise at ein kan det grunnleggjande for å spele golf.

      Praktisk prøve inneheld
      – slagprøve 10 slag på drivingrange – 6 må ha riktig lengd og retning
      – Nærspel med slag frå bunkar, innspel til greenen, lange og korte puttar
      – baneprøve, spel over 4 hol der ein må oppnå eit minimum tal poeng for å bestå prøva.

      Både teori- og dei andre elementa i den praktiske prøva må vere bestått før ein får ta baneprøva.

      Når du har fått det grøne kortet kan du spele så mykje du vil på bana vår og på dei fleste banane i Noreg. På andre banar må du betale ei speleavgift – green fee.

      Hugs at grønt kort berre er det første steget på vegen til å bli golfspelar, det krevst trening og spel for å bli god og for å få handicapkortet, noko som må vere målet for oss alle.

      For teorikurs, tid, stad og kostnad, sjå under “AKTUELT”

      AKTUELT:
      GOLFBOX
      (10.05.2008, 09:32)
      UTSENDING AV GOLFKORT 2008
      (27.04.2008, 13:38)
      BANA OPNAR FOR SESONGEN
      (27.04.2008, 13:24)
      STØTTESPELARAR:
      Hovudsponsorar:
      Nordea
       

      Andre støttespelarar

      No Comments