Stryngolf.no Just another WordPress site

Recent Comments

    Archives

    Categories

    • No categories
    • Turneringar

      Turneringar

      TURNERINGAR SESONGEN 2007

      TORSDAGSGOLFEN

      Handikapserie som går kvar torsdag fram mot hausten – ferie i juli. Stableford, 9 hol (1 1/2 runde) kvar kveld, totalt 13 turneringar. Dei 6 beste turneringane teller, premiering til dei tre beste i kvar klasse til hausten.

      Poengberekning etter kvar delturnering etter følgjande skala:

      1. plass : 10 poeng
      2. plass : 8 poeng
      3. plass : 6 poeng
      4. plass : 5 poeng
      5. plass : 4 poeng
      6. plass : 3 poeng
      7. plass : 2 poeng
      8. plass : 1 poeng

      Frammøte på bana på Sætre klokka 1800, turneringa startar så snart alle spelarane er registrert. Inntil 4 spelarar i kvar gruppe, viss 4 grupper eller fleire er det start frå alle hol samstundes (shotgun start).

      Turneringsdagane er:

      Mai
      2 turneringar
      Torsdag 24. mai
      Torsdag 31. mai

      Juni
      4 turneringar
      Torsdag 7 juni
      Torsdag 14. juni
      Torsdag 21. juni
      Torsdag 28. juni

      I juli er det sommerferie!

      August
      4 turneringar
      Torsdag 9. august
      Torsdag 16 august
      Torsdag 23. august
      Torsdag 30. august

      September
      3 turneringar
      Torsdag 6. september
      Torsdag 13. september
      Torsdag 20. september

      GRUPPER
      2 grupper – senior og juniorklasse i kvar gruppe, viss mindre enn 3 spelarar i ein av klassane, spelar alle i ein klasse. Turneringa spelast miks, det vil seie at damer og mannfolk spelar i same klasse.

      STARTKONTINGENT
      kr 30,- kvar gong, spelarar som ikkje er medlem i Stryn GK eller som har medlemskap utan spelerett, må betale kr 50,- i greenfee (1/3 del av vanleg avgift) i tillegg .

      KLASSE A
      Spelarar med etablert handikap,

      KLASSE B
      Spelarar med eller utan grønt kort, alle spelar på klubbhandikap som går frå 36. Spelarar utan grønt kort må ha gjennomførd teorikurs for grønt kort.

      ANDRE TURNERINGAR

      Alle konkurransane vert spela søndagar og det er frammøte klokka 1030 med start klokka 1100. Viss det er meir enn 4 grupper vert det start samtidig for alle på forskjellige hol.

      Alle turneringar spelast etter golfreglane pr. 01. januar 2004.

      Startkontingent for dei vanlege turneringane er kr 50,- for kvar turnering, alle turneringar unnateke klubbmeisterskapen er open for medlemar i andre klubbar. Dei må betale greenfee på kr 50,- i tillegg til startkontingent. Juniorar betalar
      kr 25,- i greenfee.

      Påmelding til turnering seinast klokka 1400 dagen før turneringen skal arrangerast. Påmelding ved å skrive seg på startliste i ”klubbhuset” på Sætre eller pr e-post til klubben .

      Alle turneringar går over 18 hol (3 rundar) med maks handikap 36 om ikkje anna er bestemt for ei enkelt turnering. Dette betyr at spelarar som ikkje har etablert handikap, må spele frå 36. Deltakarar må minst ha grønt kort, spelarar utan grønt kort vert vist til å vere med i Torsdagsgolfen.

      Påmelding til Finn Arve Hoem, eventuelt på telefon 90 06 74 78.

      AKTUELT:
      GOLFBOX
      (10.05.2008, 09:32)
      UTSENDING AV GOLFKORT 2008
      (27.04.2008, 13:38)
      BANA OPNAR FOR SESONGEN
      (27.04.2008, 13:24)
      STØTTESPELARAR:
      Hovudsponsorar:
      Nordea
       

      Andre støttespelarar

      No Comments